Opna ein møteplass for alle.

Julegrantenning i Sætrebakkane laurdag 29. november. Etter nær to år med planlegging, dugnadsarbeid og naboengasjement kunne Skorgeura grendelag endeleg opne den nye gapahuken og leikeplassen i Sætrebakkane laurdag. På leikeplassen var det møtt fram både unge og vaksne for å markere dagen.