Amalie og morfar
Amalie, som bur i Volda, fekk eit ekstra nært forhold til besteforeldra sine i Gursken den sommaren veslebroren hennar vart fødd. Broren var nemleg fødd med fleire feil på hjartet, som førte til at foreldra måtte vere på sjukehuset saman med han. I den perioden budde Amalie heime med besteforeldra sine. I denne episoden kjem vi "under huda" på Amalie, og ho fortel om tatoveringane ho har tatt for både morfaren og syskena sine.