Her tek musa hemn
Anita Wiik Løvik og familien skulle til å reise til skule og barnehage då dei oppdaga slåstkampen som føregjekk i hagen. Katten deira, Stitch, hadde fått tak i ei mus, men musa hadde ikkje tenkt å gi opp livet lett. – Eg har aldri opplevd at mus har prøvd seg på denne taktikken, seier Wiik Løvik. Heile familien fekk med seg oppstyret i hagen på Bjerkneset. Video: Anita Wiik Løvik