Her brenn huset på Folkestad
– No fekk vi eit nytt døme på kor viktig det er med heilårs beredskap på ferjesambandet Volda - Folkestad. Det seier Volda-ordførar Sølvi Dimmen etter at eit bustadhus på Folkestad vart totalskadd i brann natt til torsdag. Han som budde i huset var ikkje heime då huset brann.