– Ei betaling betre enn noko anna
Laila Sæbønes tok med mor si, som har alzheimers, på ein spontan sykkeltur over fjorden og inn på Urke. Der fekk dei nyte is og brus saman. – Å sjå gleda i auga til ei som forsvinn litt etter litt for oss, det er betaling betre enn noko anna, seier Laila om turen. Ho takkar for lånet av sykkelen med Hjørundfjordheimen. Video: Laila Sæbønes