Dette har Iver aldri opplevd før
Iver Flo Volle har aldri opplevd å vere så nær ein hjortebukk før, men det gjorde han då han stod på post i skogen ved Festøya. Vindretninga var mot han, så Iver trur at det er derfor hjorten ikkje oppdaga at han stod berre fire meter vekk. – Alt i alt var det ei fantastisk oppleving, skriv han til SøreTV.