• SøreTV
  • Nyheiter
  • Kultur og fritid
  • Sport
  • Lesarvideoar

Søk etter video

Bli med inn til Dorthe og Håkon

I den fyrste episoden av den nye serien til SøreTV om hus og heim, får vi bli med inn i huset til Dorthe og Håkon. I mars 2021 tok Dorthe Frøystadvåg (25) og Håkon Smådal (28) over huset til besetforeldra hans på toppen av Leinane i Herøy. Dei lagde planar og skisser, og totalrenoverte heile huset saman - med god hjelp frå familien rundt. Målet var å ikkje berre pusse opp eit gamalt hus, men å gjere det nytt. Det var mykje arbeid, og ein lang prosess, men det gjekk heilt fint i fylgje paret. - Vi er to som likar å styre då. Vi må ha noko å gjere på, seier Dorthe.

Bli abonnent

SesongSjå alle

Bli med inn til Dorthe og Håkon
03:58
Bli med inn
27. juni 2024
S1, E1

Bli med inn til Dorthe og Håkon

I den fyrste episoden av den nye serien til SøreTV om hus og heim, får vi bli med inn i huset til Dorthe og Håkon. I mars 2021 tok Dorthe Frøystadvåg (25) og Håkon Smådal (28) over huset til besetforeldra hans på toppen av Leinane i Herøy. Dei lagde planar og skisser, og totalrenoverte heile huset saman - med god hjelp frå familien rundt. Målet var å ikkje berre pusse opp eit gamalt hus, men å gjere det nytt. Det var mykje arbeid, og ein lang prosess, men det gjekk heilt fint i fylgje paret. - Vi er to som likar å styre då. Vi må ha noko å gjere på, seier Dorthe.

Lenke til video
Bli med inn i Gulehuset
03:51
Bli med inn
27. juni 2024
S1, E2

Bli med inn i Gulehuset

Bli med inn i "Gulehuset på Vatneeidet" der Monica Vatne Sørheim og Per Are Sørheim bur. Monica er veldig glad i kunst, handarbeid og arkitektur, og det viser igjen i heimen. Huset var bygt av besteforeldra etter krigen, og Monica har budd der mesteparten av sitt liv. Vatne Sørheim tok over huset etter besteforeldra, og pussa opp for rundt 25 år sidan. Monica er ekstra glad i fargen oransje, og bruker den, raudt og gult til å kvikne opp litt i kvart rom.

Lenke til video
Bli med inn til Astrid
03:06
Bli med inn
27. juni 2024
S1, E3

Bli med inn til Astrid

Bli med inn bak den rosa døra til Astrid Flø Larsen frå Hareid. Astrid flytta til Ulstein for 4-5 år sidan. Saman med familien sin budde ho fyrst i ei mindre leiligheit, med minimalistisk stil, men etter eitt par år kjøpte dei huset til svigerforeldra. Der fekk Astrid utløp for sin maksimalistiske stil. Ho er veldig glad i rosa, og bruker det grøne for å roe litt ned rundt om i huset. Det meste ein ser i dette huset har ei større betydning for Astrid og familien. - Eg likar å dekorere med noko vi har hatt med oss, som minner, øyeblikk og ord som betyr noko. Alt er valt for ein grunn. Det har eit levd liv det meste som er her inne. Det er det som betyr noko for meg.

Lenke til video
Bli med inn til Arnfinn og Buster
04:12
Bli med inn
27. juni 2024
S1, E4

Bli med inn til Arnfinn og Buster

Bli med inn til Arnfinn og Buster i Tonninggarden. Det ligg mykje historie bak dette huset.

Lenke til video
Bli med inn til Beate og Runar
05:18
Bli med inn
27. juni 2024
S1, E5

Bli med inn til Beate og Runar

Beate er opptatt av gjenbruk, og Runar er hendig - ein god kombinasjon når ein skal setje sitt preg på hus og heim. Huset er frå 1961, og dei har tatt vare på mykje av det som var der frå før av, som til dømes kjøkkeninnredninga. Mesteparten av det ein finn i huset er anten kjøpt brukt eller kjøpt ute på reise, i tillegg til at dei har bygd mykje sjølve.

Lenke til video
Bli med inn til Øyvind og Ann-Kristin
03:34
Bli med inn
27. juni 2024
S1, E6

Bli med inn til Øyvind og Ann-Kristin

Ann-Kristin Masdal(29) og Øyvind Sporstøl(snart 30) teikna og bygde sitt eige hus, som dei flytta inn i i november 2023. Dei stod som sjølvbyggjarar på huset. - Planen var ikkje at me skulle gjere så mykje sjølve, men eg er litt rastlaus og gidd ikkje å vente på folk, så då byrja eg med det sjølv. Så såg eg jo det at dette fekk eg til. Då sparte vi ein del i forhold til budsjett og slikt, seier Sporstøl. - Vi vil seie tusen takk til alle som har vore og hjelpt oss. Det er heilt sjukt kor mange som har stilt opp og hjelpt oss med huset. Der har vi vore veldig heldige, legg han til.

Lenke til video
Bli med inn til Therese
03:28
Bli med inn
27. juni 2024
S1, E7

Bli med inn til Therese

Therese Frøystad Igseund og Leif-Morten Igesund jobbar begge på MMC First Process AS. Saman med dei to sønene, Nikolai (19) og Johannes (15), driv dei kjøtproduksjon av sau og storfe på garden. Dei flytta inn i det nye huset for tre år sidan, men har budd på tunet lenger enn det. Medan gutane vaks opp har dei budd i det eldste huset, eit hus frå 1890-åra. Det er eit tømmerhus med ein gammal, koseleg og gjennomført stil - noko Therese tok med seg vidare opp i det nye huset. - Eg elskar å kombinere gammalt med nytt, som til dømes fine hekla duker med noko meir moderne. Vil du sjå meir av livet på Igesundgarden så kan du følgje dei på Instagram: @igesundgarden.

Lenke til video
Bli med inn til Elisabeth
03:03
Bli med inn
27. juni 2024
S1, E8

Bli med inn til Elisabeth

Elisabeth Welle og Patricio Medina ville vere så "grøne" som mogleg då dei skulle kjøpe seg hytte. Valet falt derfor på tilbodet om ei hytte laga at brukte skipscontainerar. Hytta består av tre store og ein liten container. Her er paret ofte i helgene, både med familie og venner.

Lenke til video
Bli med inn til Grid
04:13
Bli med inn
27. juni 2024
S1, E9

Bli med inn til Grid

Ein heim er ein prosess i fylgje Grid Måseide. I denne episoden blir vi med inn i hennar franskinspirerte hus. Video: SøreTV / Lisa Bendal

Lenke til video
Bli med inn i Gamlevegen 2
04:38
Bli med inn
27. juni 2024
S1, E10

Bli med inn i Gamlevegen 2

Anne-Sofie Egset og Jacob Kjøde jr. bur i Gamlevegen 2 i Volda - kanskje betre kjent som Kaarstadgarden. Her har Henrik og Johanne Kaarstad budd med si familie medan det var Volden høiere almueskole.

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg Redaktør
Tormod Utne
Kundesenter
70 04 19 00
abonnement@morenytt.no
annonse@morenytt.no
Besøksadresse
Ivar Aasen-gata 10, 6150 Ørsta
Tipstelefon
70 04 19 00
E-post
redaksjon@morenytt.no
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.