• SøreTV
  • Nyheiter
  • Kultur og fritid
  • Sport
  • Lesarvideoar

Søk etter video

Full tenning - MINI-entusiasten

I andre episode av "Full tenning" blir vi kjent med MINI-entusiasten Yngve Dale frå Ørsta. Han har vore interessert i Mini-merket heilt sidan han var rundt 10 år, då mor hans kjøpte seg ein Mini.

Bli abonnent

SesongSjå alle

Full tenning - Tor Voldsund og BMW-en
03:01
Full tenning
10. mai 2023
S1, E1

Full tenning - Tor Voldsund og BMW-en

SøreTV er klar med ein ny serie om bil! I den fyrste episoden møter vi Tor Voldsund frå Herøy, med sin BMW. I denne serien får vi ein smakebit på lidenskapen rundt bil og bilmiljøet på Søre Sunnmøre, og for kvar episode blir vi kjent med ein ny person. Stay tuned.

Lenke til video
Full tenning - MINI-entusiasten
03:13
Full tenning
16. mai 2023
S1, E2

Full tenning - MINI-entusiasten

I andre episode av "Full tenning" blir vi kjent med MINI-entusiasten Yngve Dale frå Ørsta. Han har vore interessert i Mini-merket heilt sidan han var rundt 10 år, då mor hans kjøpte seg ein Mini.

Lenke til video
Full tenning - Mustangen til Reno
03:05
Full tenning
25. mai 2023
S1, E3

Full tenning - Mustangen til Reno

I episode 3 av Full tenning tek vi turen til Ulstein. Her viser Reno Dimmen fram sin Ford Mustang frå 1969. Han har vore interessert i bilar så lenge han kan hugse, og draumen om å eige ein Mustang vart verkeleg i 2014.

Lenke til video
Full tenning - Bytta ut BMW-en med ein Citroën
03:04
Full tenning
1. juni 2023
S1, E4

Full tenning - Bytta ut BMW-en med ein Citroën

Bli med på ein køyretur på Jøsokvegen i ein Ford frå 1931. Bjørnar Halle Sandvik frå Sandvika bytta ut BMW-en frå 1996 med ein Citroën BL11 frå 1937.

Lenke til video
Full tenning - Galskapen råda med "Gulebili"
06:08
Full tenning
9. juni 2023
S1, E5

Full tenning - Galskapen råda med "Gulebili"

Sindre Brautaset (27) og Andreas Mo Vatne (25) gav nytt liv til "gulebili" frå Ørsta etter dei fann han igjen i 2019. Dei var usikre på om det var noko å berge, eller om dei måtte hive heile bilen. - Galskapen råda, so det vart til at vi sette den i stand, seier Brautaset. SøreTV fekk vere med på køyretur og høyre fleire av historiene frå 80-talet.

Lenke til video
Full tenning - Bitt av driftebasillen
03:03
Full tenning
15. juni 2023
S1, E6

Full tenning - Bitt av driftebasillen

Arnt Magnar Sønnesyn(33) var med bror sin på gatebil i 2003, og vart "bitt av basillen" med bil, drifting og store motorar. Sønnesyn bur på Eiksund og eig ein BMW M535 frå 1986. "Banebilen", ein BMW E46, er for augeblinken ute av drift. - Det har vorte litt lite skruing no i seinare tid, men alt til si tid. No brukar eg tida på familie, hus og M535-en.

Lenke til video
Full tenning - Ei spesiell utgåve av ein heilt ordinær familiebil
03:23
Full tenning
29. juni 2023
S1, E7

Full tenning - Ei spesiell utgåve av ein heilt ordinær familiebil

SøreTV har vore med Martin Bøe på biltur i det han kallar "ei spesiell utgåve av ein heilt ordinær familiebil" - ein Dodge Charger . Dette er berre éin av bilane til Bøe, som har 10-12 bilar. Det var fyrst då Bøe vart alvorleg sjuk at han tok tak og kjøpte den fyrste, amerikanske veteranbilen. - Då måtte eg ha noko som var god lyd i. Det var viktig.

Lenke til video
Full tenning - Plum crazy Dodge Challenger
02:58
Full tenning
27. juli 2023
S1, E8

Full tenning - Plum crazy Dodge Challenger

Erik Langeland frå Melsbygda hadde lenge ønskt seg ein Dodge Challenger før han kjøpte seg ein ei sommarnatt i 2010. Langeland har fleire Volvo-ar som han har kjøpt og tatt vare på gjennom tidene, men Dodge Challenger-en i fargen "Plum Crazy" var ein draum som gjekk i oppfylling.

Lenke til video
Full tenning - To knallgrøne Mazda
03:11
Full tenning
10. august 2023
S1, E9

Full tenning - To knallgrøne Mazda

Robert og Victoria i Fosnavåg har kvar sin Mazda - begge to knallgrøne. Dei to bilane er ofte å sjå køyrande saman, med RX-7-en som storebror og MX-5-en som veslebror. Det var Fast and Furious-filmane som fyrst inspirerte Robert til å kjøpe sin Mazda RX-7. Victoria kjøpte sin Mazda MX-5 tidlegare i år. Saman har dei vore på mange biltreff, der dei har fått mykje merksemd for bilane sine. - Borna brukar å kome og sjå på min bil med alle froskane, medan dei som er eldre gjerne vil sjå på Robert sin bil, fortel Victoria.

Lenke til video
Full tenning - American car med Kirsti
02:32
Full tenning
31. august 2023
S1, E10

Full tenning - American car med Kirsti

Kirsti Lillebø (33) frå Dalsfjord har vore interessert i bil så lenge ho kan hugse. Interessa vart større i tenåra då ho vart kjent med fleire med same interessa. I 2017 kjøpte ho sin Ford Mustang, som SøreTV fekk ta seg ein køyretur i.

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg Redaktør
Tormod Utne
Kundesenter
70 04 19 00
abonnement@morenytt.no
annonse@morenytt.no
Besøksadresse
Ivar Aasen-gata 10, 6150 Ørsta
Tipstelefon
70 04 19 00
E-post
redaksjon@morenytt.no
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.