• SøreTV
  • Nyheiter
  • Kultur og fritid
  • Sport
  • Lesarvideoar

Søk etter video

Full tenning - Bytta ut BMW-en med ein Citroën

Bli med på ein køyretur på Jøsokvegen i ein Ford frå 1931. Bjørnar Halle Sandvik frå Sandvika bytta ut BMW-en frå 1996 med ein Citroën BL11 frå 1937.

SesongSjå alle

Full tenning - Tor Voldsund og BMW-en
03:01
Full tenning
10. mai 2023
S1, E1

Full tenning - Tor Voldsund og BMW-en

SøreTV er klar med ein ny serie om bil! I den fyrste episoden møter vi Tor Voldsund frå Herøy, med sin BMW. I denne serien får vi ein smakebit på lidenskapen rundt bil og bilmiljøet på Søre Sunnmøre, og for kvar episode blir vi kjent med ein ny person. Stay tuned.

Lenke til video
Full tenning - MINI-entusiasten
03:13
Full tenning
16. mai 2023
S1, E2

Full tenning - MINI-entusiasten

I andre episode av "Full tenning" blir vi kjent med MINI-entusiasten Yngve Dale frå Ørsta. Han har vore interessert i Mini-merket heilt sidan han var rundt 10 år, då mor hans kjøpte seg ein Mini.

Lenke til video
Full tenning - Mustangen til Reno
03:05
Full tenning
25. mai 2023
S1, E3

Full tenning - Mustangen til Reno

I episode 3 av Full tenning tek vi turen til Ulstein. Her viser Reno Dimmen fram sin Ford Mustang frå 1969. Han har vore interessert i bilar så lenge han kan hugse, og draumen om å eige ein Mustang vart verkeleg i 2014.

Lenke til video
Full tenning - Bytta ut BMW-en med ein Citroën
03:04
Full tenning
1. juni 2023
S1, E4

Full tenning - Bytta ut BMW-en med ein Citroën

Bli med på ein køyretur på Jøsokvegen i ein Ford frå 1931. Bjørnar Halle Sandvik frå Sandvika bytta ut BMW-en frå 1996 med ein Citroën BL11 frå 1937.

Lenke til video
Full tenning - Galskapen råda med "Gulebili"
06:08
Full tenning
9. juni 2023
S1, E5

Full tenning - Galskapen råda med "Gulebili"

Sindre Brautaset (27) og Andreas Mo Vatne (25) gav nytt liv til "gulebili" frå Ørsta etter dei fann han igjen i 2019. Dei var usikre på om det var noko å berge, eller om dei måtte hive heile bilen. - Galskapen råda, so det vart til at vi sette den i stand, seier Brautaset. SøreTV fekk vere med på køyretur og høyre fleire av historiene frå 80-talet.

Lenke til video
Full tenning - Bitt av driftebasillen
03:03
Full tenning
15. juni 2023
S1, E6

Full tenning - Bitt av driftebasillen

Arnt Magnar Sønnesyn(33) var med bror sin på gatebil i 2003, og vart "bitt av basillen" med bil, drifting og store motorar. Sønnesyn bur på Eiksund og eig ein BMW M535 frå 1986. "Banebilen", ein BMW E46, er for augeblinken ute av drift. - Det har vorte litt lite skruing no i seinare tid, men alt til si tid. No brukar eg tida på familie, hus og M535-en.

Lenke til video
Full tenning - Ei spesiell utgåve av ein heilt ordinær familiebil
03:23
Full tenning
29. juni 2023
S1, E7

Full tenning - Ei spesiell utgåve av ein heilt ordinær familiebil

SøreTV har vore med Martin Bøe på biltur i det han kallar "ei spesiell utgåve av ein heilt ordinær familiebil" - ein Dodge Charger . Dette er berre éin av bilane til Bøe, som har 10-12 bilar. Det var fyrst då Bøe vart alvorleg sjuk at han tok tak og kjøpte den fyrste, amerikanske veteranbilen. - Då måtte eg ha noko som var god lyd i. Det var viktig.

Lenke til video
Full tenning - Plum crazy Dodge Challenger
02:58
Full tenning
27. juli 2023
S1, E8

Full tenning - Plum crazy Dodge Challenger

Erik Langeland frå Melsbygda hadde lenge ønskt seg ein Dodge Challenger før han kjøpte seg ein ei sommarnatt i 2010. Langeland har fleire Volvo-ar som han har kjøpt og tatt vare på gjennom tidene, men Dodge Challenger-en i fargen "Plum Crazy" var ein draum som gjekk i oppfylling.

Lenke til video
Full tenning - To knallgrøne Mazda
03:11
Full tenning
10. august 2023
S1, E9

Full tenning - To knallgrøne Mazda

Robert og Victoria i Fosnavåg har kvar sin Mazda - begge to knallgrøne. Dei to bilane er ofte å sjå køyrande saman, med RX-7-en som storebror og MX-5-en som veslebror. Det var Fast and Furious-filmane som fyrst inspirerte Robert til å kjøpe sin Mazda RX-7. Victoria kjøpte sin Mazda MX-5 tidlegare i år. Saman har dei vore på mange biltreff, der dei har fått mykje merksemd for bilane sine. - Borna brukar å kome og sjå på min bil med alle froskane, medan dei som er eldre gjerne vil sjå på Robert sin bil, fortel Victoria.

Lenke til video
Full tenning - American car med Kirsti
02:32
Full tenning
31. august 2023
S1, E10

Full tenning - American car med Kirsti

Kirsti Lillebø (33) frå Dalsfjord har vore interessert i bil så lenge ho kan hugse. Interessa vart større i tenåra då ho vart kjent med fleire med same interessa. I 2017 kjøpte ho sin Ford Mustang, som SøreTV fekk ta seg ein køyretur i.

Lenke til video
Full tenning - Kjentkar frå Hakallestranda
02:50
Full tenning
7. september 2023
S1, E11

Full tenning - Kjentkar frå Hakallestranda

Denne karen har du kanskje sett før - han og bilane har det blitt skrive om i både VG, Dagbladet, TV 2 og NRK Erlend Kragset (30) frå Hakallestranda starta med å pusse opp ei boble, "Palle politibil", før han og nokre kompisar bygde Flåklypas Il Tempo Gigante. Interessa for bil har blitt større og større sidan han tok fagbrev som bilmekanikar, og garasjen veks saman med interessa. SøreTV fekk vere med og køyre i tre av bilane til Kragset. - Eg veit ikkje kor mange bilar eg har hatt, men i dag har eg 11-12 stykk.

Lenke til video
Full tenning - Betydninga av hobbyen er sterk
02:39
Full tenning
14. september 2023
S1, E12

Full tenning - Betydninga av hobbyen er sterk

Magne-Kjell Wingsternes (46) frå Hareid eig ei VW Boble frå 1964, som har vore i familien gjennom fleire generasjonar - Frå bestefaren til tanta, som vann bilen i Ålesund, til Magne-Kjell som tok over bilen etter tanta si. Interessa for bil starta tidleg, men betydninga av hobbyen vart sterkare etter han fekk påvist ein stor svulst på hjernen i 2014. Denne fekk han operert vekk fort, med nokre strålebehandlingar i etterkant. Bil-hobbyen er til stor hjelp på tankane rundt eigne problem. - Bil har betydd meir for meg etter eg vart sjuk, for når eg held på med bil så tenkjer eg ikkje på noko anna.

Lenke til video
Full tenning - Kongen på haugen
03:34
Full tenning
11. oktober 2023
S1, E13

Full tenning - Kongen på haugen

Celine Aam Iversen frå Ørsta eig ein bil som gjer at ho føler seg som "kongen på haugen" når ho køyrer den. Aam Iversen vaks opp i ei familie der dei fleste var interessert i bil, og ho såg opp til brørne som styrte på. Då ho skulle ha seg sin fyrste bil bestemte ho seg for at den skulle vere stor, og byrja på arbeidet med å "piffe opp" ein Chevrolet Silverado, 99-modell. - Den har gått både tøft og hardt denne bilen her, og så endte den opp i henda mine. Ho takkar vennar og familie for mykje hjelp gjennom prosjektet.

Lenke til video
Full tenning - Fire bilar frå 50-, 80- og 90-talet
02:02
Full tenning
23. oktober 2023
S1, E14

Full tenning - Fire bilar frå 50-, 80- og 90-talet

John Fredrik Fredriksen har drøymt om å eige ein 50-tals bil lenge, og i år fekk han endeleg kjøpt seg ein. Berre 21 år gammal har han allereie ei samling på fire bilar frå 50-, 80- og 90-talet.

Lenke til video
Full tenning - Ein sjeldan Audi
03:17
Full tenning
9. november 2023
S1, E15

Full tenning - Ein sjeldan Audi

Tida er komen for siste episode av "Full tenning" i år, og der møter vi Marcus Bårslett Hansen(29) med sin Audi 100 C1, 1972-modell. Hansen, som kjem frå Hjorungavåg, kjøpte denne Audi-en i april 2014. Bilen var ganske utsliten, og det har vorte gjort mykje for å pusse opp og fikse den slik den er i dag. Interessa for Audi starta gjennom VolksWagen-Audi klubben, og Hansen endte opp med å kjøpe ein ganske unik bil. - Eg synest Audi har veldig fine bilar, og i tillegg er det kjekt å ha ein bil som ikkje alle andre har.

Lenke til video
Full tenning spesial - Eldrekøyring
03:24
Full tenning
23. november 2023
S1, E16

Full tenning spesial - Eldrekøyring

I denne spesialepisoden av "Full tenning" får vi eit innblikk i kva bilmiljøet kan bety for andre enn dei som er ein del av det til vanleg. Gjennom serien "Full tenning" har SøreTV blitt kjent med fleire i bilmiljøet, og for eitt par månader sidan vart vi invitert med på "eldrekøyring" i Herøy. Dei siste 20 åra har Amcar Ytre Sunnmøre samarbeidd med Bø og Sande sanitetsforeining for å arrangere dette ein gong i året. Karin Bø, tidlegare leiar for Bø og Sande sanitetsforeining, sa det så fint med eit dikt av Åshild Aspenes; - Den aller beste gåva som nokon kan gi bort, den kostar ikkje mykje, men er av beste sort.

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg Redaktør
Tormod Utne
Kundesenter
70 04 19 00
abonnement@morenytt.no
annonse@morenytt.no
Besøksadresse
Ivar Aasen-gata 10, 6150 Ørsta
Tipstelefon
70 04 19 00
E-post
redaksjon@morenytt.no
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.