Full tenning - To knallgrøne Mazda
Robert og Victoria i Fosnavåg har kvar sin Mazda - begge to knallgrøne. Dei to bilane er ofte å sjå køyrande saman, med RX-7-en som storebror og MX-5-en som veslebror. Det var Fast and Furious-filmane som fyrst inspirerte Robert til å kjøpe sin Mazda RX-7. Victoria kjøpte sin Mazda MX-5 tidlegare i år. Saman har dei vore på mange biltreff, der dei har fått mykje merksemd for bilane sine. - Borna brukar å kome og sjå på min bil med alle froskane, medan dei som er eldre gjerne vil sjå på Robert sin bil, fortel Victoria.
Bli abonnent